Profile
Blog
Photos
Videos
I ti dagar har vi reist rundt i vietnam, og lika landet godt.
Etter at vi hadde vore i hanoi i nokre daga, gikk turen vidare til Ha Long bay. Her var vi i ei natt, og sov på en slags dampbåt med 10 andre. Dette var veldig kjekt, og Ha Long bay levde opp til forventningane. Der det var store fjellklippa som kom opp av vatnet. Vi fekk også gå inni ei av grottene som var der, og padle rundt i kajakk. Kajakkturen var nok høydepunkte på heile turen. Snakka en del med et yngre par frå Russland på båten, og dei var svært imponert av Henriette sin russisk. Skulle tru ho hadde russiske gener. Hehe!
Når vi kom tilbake til land venta det en fire timers tur tilbake til hanoi, og deretter skulle vi fare vidare til Hoi An med sleeperbus, som det heite. Dette er en buss med sete som meir eller mindre e senge. Va litt spesielt, men veldig praktisk, der vi sov godt meir eller mindre heile natta. Og virka som at det er en del backpackera som gjer dette. Etter ca 30 timar var vi endelig ankomt Hoi An. En liten sjarmerande by som har blitt vår favoritt til no. Utrulig koselig med sitt franske preg og smågater med lanterne som lyse opp som e umulig å ikkje like. Hoi An er kjendt for å vere en skredderby, så vi gleda oss veldig til å få nye kjola. Henriette fekk en som satt som ett skudd etter første fitting, mens Gina ikkje var like heldig.
Ho bestilte to kjolar, og når ho prøvde dei var dei ikkje slik ho hadde tenkt. Heldigvis er damene flinke, så den eine kjolen blei kjempe fin, og den andre blei brukandes etter nokre prøverunde! Ellers leigde vi sykla en dag og sykla til ei strand som var i nærheta. Å sykle va kjempe kjekt, og enda bedre blei det når vi kom til den fine stranda.
Hoi An overraska oss berre på alle måtar, og gjorde virkelig Vietnam til en favoritt. Vidare måtte vi og avslutta Vietnam og det kinesiske nyttåret i storbyen Ho Chi Minh city. Her vart det mykje vandring rundt for å sjå korleis dei feira det nye året, og det foregikk for det meste i parkar, der det var store scener med mykje underholdning både god, men og mykje dårlig. Det som gikk igjen var boyband med sine flotte dansemoves. Så no kan vi sei godt nytt år! For andre gong på en mnd, og, ønske oss nye nyttårsforsett. Det e ikkje værst. Vi e visstnok no i hestens år, berre sann dokke veit.
Vi skulle no egentlig vidare til Kambodsja, men etter en haug med tempel og palass i India, fann vi ut at vi skippa det. Sida det var det vi skulle gjere der også. Så no går turen vidare til Thailand, der vi skal sole oss og endelig få litt farge. Vi gleda oss enormt til dette!!
- comments