Profile
Blog
Photos
Videos
Weekend in Bangkok
Oi tenkte stonko, no er vi i Bangkok men har ingen stader å bu. Kva gjer vi? "Finne et rom vel, din dust" sa Tonje. Slik byrja ferda vår i denne asiatiske storbyen som for mange er best kjend som "home of the ladyboys". Det skulle ikkje ta lang tid før vi var innsjekka på eit lite kosleg hostel. For vi er jo vandt med dette sa Tonje. Rommet er noke av det simplaste vi har hatt, men for 100 kr natta er vel det ikkje meir å forlange. Vi avslutta dagen med å ete og vandre litt i gatene.
Neste dag gjekk vi på weekend market, eit marked der det er over 15 000 boder og og har over 200 000 besøkande om dagen. Her hadde dei det meste og det var imponerande stort og folksamt. Og etter nesten ein månad med snakk om at Tonje ville kjøpe seg ei ny veske, fekk ho endeleg det. Steinis røska med seg nokre t-skjorte og tenkte at dette var vel og bra, men no ville han besøke sin venn Lizzardo!
Vi tok ein taxi til ein park der store øgler går fritt midt i Bangkok. Der møtte vi på Lizzardo, for ein herleg venn. Øgla poserte fint for oss på nokre bilete og det var nok til at vi var fornøgd.
Søndag hadde vi booka ein tur til floating marked. Dette er eit marked der alt foregår ved hjelp av kano(eller noko likanade). Vi vart plukka opp kl 0700 på morgonen og det tok ca ein time å komme dit. Ikkje heilt slik vi handlar ting heime, men interessant var det. Etter å ha tilbrakt nokre timar på marknaden gjekk turen vidare til ein slangefarm. Her var vi på eit show som mage meinte var fantastisk, men Steinis tykte dette var på grensa til dyreplageri. Trøsten var at vi fekk ta på ein levande Kobra!
Tilbake i Bankok fekk vi iden om å gå å besøke chinatown (sidan vi ikkje hadde vert i Kina i 3 veker, eller?). Tonje ville så gjerne på ein dim sum resturant. Vi satt oss i ein taxi og sa kvar vi skulle. Taxi sjåføren verka til å vere ein truvedig satan, og sa at på søndager var det stengt der. Men han viste om ein dim sum resturant i nærheita. Wow tenkte vi, svoltne og dumme som vi var. Som dykk sikkert har skjønt kjørde dusten oss til ein resturant som sikkert var eigd av onkelen til tanta hans. Vi vart med andre ord lurt. Kjekt for oss. Vi fekk mat til slutt, men disverre ingen dim sum.
Denne kvelden gjekk vi tidleg til sengs for å få oss nokre timar søvn før vi skulle sette oss på flyet til Bali, Indonesia. Helgeturen til Bangkok var over og vi var klar for nye erobringar i Asia.
- comments
Ylvis Så fint at dere har det bra. Når kommer dere hjem? Indonesia blir sikkert også fantastisk! Gleder meg til videre oppdateringer. Veldig misunnelig. Fikk du A på masteren Tonje? Utrolig bra! Det jeg sa;) Steinis tok ikke en Kristoffer Schau i Bankok altså?:P
tobben alltid like kjekt å lese om turen dåkkars! imponerende at dåkkar giddar oppdatere så mye! så litt Liverpoolnytt t Steinis: Riera e på vei t Olympiacos for 4.5m£ og Liverpool har signert stoppertalentet Danny Wilson fra Rangers for 2m£ (kan stige t 5m£) Ta vare godtfolk!
Maliiin Høres heilt fantastisk ut! Alltid like kjekt å lese kossen dokke har det! Som Ylvis e eg veldig veldig masse misunnelig på dokke!! Eg jobba ræva av meg, og blir ferie å komme tilbake til Bæærgen! Kos dokkke videre! smask
Tonje Ylva: Takk takk, maa innromme at eg ikkje foler at eg fortjente en A, og heller ikkje hadde eg forventet det, men kjekt var det jo!!:) Eg har ikkje sokt paa noen jobber her nede, har sett om det er noe ledig, men paa NAV har det ikkje komt noe nytt i bergen saa.. tar d som det kommer:) Doren til vaar nye leilighet (som blir vaar snart, hehe) er alltid aapen for deg naar du kommer tilbake fra USA! Vi er hjemme om 2 uker.. Malin: Kjekt at du folger med bloggen vaar!:) haaper du har d bra i floro selv om du jobber mye! haaper ogsaa d gaar bra m eksamenslesing! klemmm:)