Profile
Blog
Photos
Videos
Då vi var små, var det ei kjent sak at dersom du grov langt nok ned i jorda, endte du opp i Kina. Derfor har vi funne fram spadane og er no klare til å grave!
(Takk til den snille mannen på Felleskjøpet på Eid som tok bilde av oss utan å stille spørsmål)
Våren 2011, medan ho var i full gang med psykologiårsstudiumet, vart Maria råka av ekstrem reisesjuke. Maria har alltid drømt om å reise til Kina, og då ho i tillegg er ambisiøs, bestemte ho seg for å ta eit språkkurs i mandarin i Beijing. Karina har vore klar for Kina i mange år (sjå bilde), og sidan ho likevel hadde bestemt seg for å reise dette halvåret, slengte ho seg med på Maria sine planar.
16.januar 2012 byrjar vi på EF - Education First - sin språkskule i hjartet av Beijing. Her skal vi bu på studentheimen deira, og ta eit åtte vekers kurs i mandarin. Mandarin, eller Han-kinesisk som det også blir kalla, er det mest talte kinesiske språket, og då også det mest talte språket på verdsbasis, då nesten 1 milliard menneske har det som morsmål. Mandarin blir for det meste snakka i det nordlege og sørvestlege Kina, deriblant Beijing. (Kjelde: Wikipedia)
Etter desse to månadene skal to bli til tre, då vi skal møte vår kjære venninne Marianne Breiteig Bakke i Hong Kong. Marianne har vore i New Zealand og India sidan oktober 2011. Etter Hong Kong fortsetter ferda nedover Søraust-Asia, via Bali, til Australia og New Zealand. Etter New Zealand byrjar vi på heimreisa, med innlagte stopp i Abu Dhabi og Muskat. Planen er å vere heime på norsk jord 7.mai 2012.
Vi håper på å kunne levere regelmessige blogginnlegg etter kvart som vi opplever fantastiske ting, men vi lova ingenting!
- comments
Stina Marie Gleder meg til å følge bloggen deres :D God tur ^^
marie kristin Gler meg til å lese alt de har opplevd - om de oppdaterer. Haha! Kos dykk og gje Marianne ein superklem frå meg. Kos og klem frå venninna dykkar som saknar dykk og beundrar dykk stort! <3 Lots of love.
Elisabeth M. God tur jenter!! Håper dere oppdaterer masse, og at dere kommer dere vel hjem igjen :) <3