Profile
Blog
Photos
Videos
Hei!
Sitter fortsatt paa flyplassen i Auckland og oppdaterer denne bloggen.
Vi ankom Sydney etter ein heller strabasios flytur, med antydninger til oppkast fraa Solveig. Men vi kom fraa det med helsa i behold. I Sydney regna det som vi aldri har sett for. Flyplassen var faktisk stengt pga veiret og vi var ein av dei forste flya som fekk lande.
Hostellet som vi hadde booket i Sydney hadde varierande omtaale i media, saa forventningane vaares var redusert ein god del. Det var bra, det viste seg at Hostellet infridde forventningane paa alle omraader! Skittent, boss paa rommet etter tidligare gjester, haar paa rommet etter tidligere gjester og for aa toppa heile driten var rommet varmt og uten vindu!!! Dette var ein heller daarlig start paa Sydney oppholdet. Men det er aldri saa gale at det ikkje er godt for noko, Hostellet og rommet var saa stygt at det resulterte i at vi spanderte desto meir tid rundt om paa seightseeing i Sydney.
Sydney er ein av dei finaste byane vi har vert i, med mangen forskjellige aktiviteter. Vi starta med ein "gratis" spasertur med guide rundt om i Sydney. ( Def gratis i dette tilfellet - guiden forteller oss at han er ein hardt arbeidande student og at dette er jobben hans og at han setter pris paa tips. Saa med mindre du er ein kald person utan medkjennsle saa er ikkje denne turen gratis ) Vi fekk da eit bra bilde av kva vi burde foreta oss dei neste dagane. Ergo saa gjekk turen rett paa Sydneys eldste pub som har eige bryggeri - Kultur og rekreasjon i skjonn forening.
Ellers saa fekk vi med oss hoved attraksjonane som bestaar i ; Sydney Harbour Brigde, Sydney Oprea House, Bondi Beach, baat tur til Manly mm.
Veiret var sol og sommer, bortsett fraa regnet forste dagen.
Etter mykje kvalme og vondt i magen ( Gardar vil ha med at det og var snakk om ei forferdelig fise lukt, den verste ever faktisk. Merk, rommet paa hostellet var utan vindu... ) hadde vi begge faatt nok. Solveig tok turen til legen. Solveig fortalte om sine strabasiose opplevelser i India og sine paafolgende symptomer. Legen visste raad, med 90 % sikkerhet at dette var ein parasitt fraa oppholdet i India. Solveig er ikkje blitt noko meir lysten paa ein snarlig retur til India etter dette, forstaaelig nok. Medisinen er naa tatt og har gjort jobben, Solveig er naa "back up and running" som for.
Med helsa tilbake var vi klare for ferien i ferien - 2 vekers oyhopping i Fiji!!!
Helsing Gardar og Solveig
- comments