Profile
Blog
Photos
Videos
Hei hopp!
Etter 6 timar med fly, ein mellomlanding i Doha og deretter 5 timar med fly igjen, var det godt aa endeleg vere framkomne i Delhi, India! Fyrste drosje-turen til hotellet var ein oppleving for seg sjoelv. Det virkar som det ikkje er noko slags form for trafikkreglar her i det heile tatt, bos flyt rundt overalt, kyr gaar som dei vil og indarar tutar utan hemning for aa komme seg fram. Alt i alt: HEILT forskjelleg fraa Noreg!
Resten av denne dagen gjekk til aa saave, og om kvelden moette me gruppa som me skulle reise med dei neste 20 dagane. Gruppa bestaar av 16 stk: 5 norske, 5 tyske, 1 britisk, 1 dansk, 2 kiwiar, 1 japanesar og 1 indar som daa er reiseleiaren vaar. Me var veldig heldige med gruppa me kom ilag med. Kjempe kjekke folk!
I kvar by me er i skal me ha ein 'orientation-walk'. Saa dagen etter fekk me oppleve New Delhi og Old Delhi. No hadde me ein 15 timars overnight-sleeper-train framfor oss.
Naar me vaakna opp dagen etter var me i Bikaner! I Bikaner var me paa kamel-safari i oerkenen! Safarien inneholdt blandt anna 5 timar paa kamelen, lokal indisk mat, fantastisk utsikt over solnedgangen og ein magisk kveld med fine folk og alkohol :)
Naar me kom tilbake til byen (Bikaner) var feiringa av Festivals of Colours, eller 'Holi', i full gang! Dette er ein festival som hinduar feirar ein gang i aaret. Den gaar hovudsakleg ut paa aa dekke alle du ser i fargar! Dette var ein kjempekjekk oppleving som me var heldige aa faa delta i. Dagen gjekk til aa smoere folk inn i fargar, drikke rom og danse til indisk folkemusikk spelt av lokale musikarar. Sjaa bilete av denne fargerike dagen i albumet! Ps: det er no 6 dagar sidan festivalen, og Randi har fortsatt rosa/orange haar!!
Etter 5 timar paa eit trangt lokal-tog, var me framme i Jaisalmer, The Golden City. Byen blir kalla 'gull-byen' fordi alle bygningane er bygd med sand-farga oerken-steinar, og naar sola skin over byen glitrar den som gull. Me hadde ein 'orientation-walk' og aat middag. Under middagen vart me overraska med ein invitasjon til eit indisk bryllup! Det var to lokale som skulle gifte seg, og me var saa heldige at me fekk ta del i brudgommens sermoni. Det gjekk ut paa aa gaa fraa brudgommens hus til brudas hus. Det var ikkje lenger enn ca 2 km, men dette brukte me 4 timar paa! Me skulle gaa saman med brudgommen og hass familie og vener, som daa dansa til musikk og trommespel medan dei drakk rom heile vegen. Epic!
Neste dag hadde me ein lokal-guide som viste oss fortet i Jaisalmer. Oda var diverre ikkje me denne dagen, pga sjukdom.
Neste morgon reiste me tidleg fraa Jaisalmer med lokal-buss til Jodhpur. Me var berre ein dag i Jodhpur, saa heile gruppa vart einige om at me ville paa Jeep-safari. Me besoekte lokale landsbyar og fekk komme innom til forskjellege bustandar og sjaa korleis dei levde. Me besoekte ein pottemakar, ein vevar som lagde tepper og me fekk sjaa korleis ein opium-sermoni vart gjort. Spennande!
Me reiste igjen med lokal-buss fraa Jodhpur til Udaipur. Me hadde som vanleg 'orientation-walk' der me blandt anna stoppa hjaa ein kunstnar som viste oss kva han gjorde. Her fekk alle neglene sine malt av denne kunstnaren. Alt i fraa ekstremt detaljerte paafuglar til kamasutra-stillingar!
I morgon har me dagen til aa gjere kva me vil her i Udaipur! Det blir kjekt :)
Kjem til aa legge ut bilete av alt me har sett og opplevd i album.
- Oda og Randi -
- comments
Turid Mølmesdal Heia begge to! Så fantastisk kjekt å lese bloggen og sjå bilda! No har eg og paps site i sofaen heime på Hafslo og vore litt på ei reise i India. : ) De må ha det heilt eventyrleg! Håper at de begge no er friske att. Og så gledar me oss alt til neste blogg-innlegg. Og fleire bilder. Kos dikka vidare! Turid og Johnny
Susanne Mølmesdal Heia! So arti å lese bloggen dykkar! Virkar som de har opplevd mykje på veldig kort tid! Gler meg til å følge dykk vidare! <3