Profile
Blog
Photos
Videos
5.jan: Landet paa Cape Town airport kl. 08:45, varmen slo imot oss og gjorde oss ennaa meir doesig enn kva den 24timer lange turen fraa Norge hadde gjort. Stor forskjell paa -2 grader og 36 grader i skyggen. Tok taxi til sentrum etter aa ha sponsa ein taxisjaafoer med rimeleg moekje RAN. Turen gjekk til Kimberley hostel. Det var tidleg morning i C. T. og me gjekk rundt og lette itte busselskapet som me skulle koma oss vidare med, noko som ikkje viste seg aa vera saa lett, men me fann det heldigvis itte moekje fram og tilbake. Alle maaltidene tok me paa KFC, sidan det var den einaaste matplassen med air-condition. 6.jan: Vakna me opp gjennomsvett og heilt i svime, fyrste me gjorde var aa komma oss ut paa jakt itte ein plass dei selde vatn. Etter frukost og litt bok lesing for turen vidare til C.T. soccer stadium, som viste seg aa vera ein bomtur. Det var pause i fotballen, og ingen hadde avgang, bestikkelsar var ikkje til hjelp eingong. I 12 tida tok me oss ein tur ner paa havna, for aa kjoela oss ner med kvar vaar drink. Boerge kjoepte seg nye sko, og dei gamle fekk ein ny eigar etter ca. 20 sekund paa kanten av bossbannet, med to ivrige normenn som tilskuarar. Paa kvelden bestemte me oss for aa smaka paa steiken i C.T, noko me hadde blitt anbefalt av ei dama me satt 11 tima paa fly med fra Heathrow til C.T, me blei ikkje skuffa. Saa bar det tilbake paa hostelet, pakka sekken til morgondagen og avslutte med nokre rundar vannpoker, ein leik som kom godt med i varmen!
- comments


