Profile
Blog
Photos
Videos
Helsing fraa Kambodsja og to jenter som naerma seg slutten paa eventyret!
Tenk at det no bare er 16 daga igjen av turen, og bare 9 av "Linn og Ingvild reiser aleine". Tida flyr! No befinn vi oss i Phnom Penh, hovudstaden i Kambodsja, Det var deilig aa komme her etter aa ha tilbrakt 3 netter i den litt smaakaotiske byen Saigon. Vi ankom Phnom Penh onsdags kveld, svoltne, spende og litt troette etter 6 tima i bussen. Vi var veldig skeptiske daa vi gjekk av bussen og skulle proeve aa finne hotellet. Vi har laert paa den harde maaten at tuk-tuk- og taxisjaafoera som staar og venta naar vi gaar av bussen, ikkje har den billigaste prisen. "Vi gidder ikke aa betale mer enn 5 dollar, max 7, daa begynner det aa bli dyrt altsaa" sa Linn, som grua seg til aa krangle og prute med sjaafoerane. (30-42 norske kroner ca, ja, vi er fortsatt paa budsjett) Overraskande nok fekk vi tuk-tuk-tur for 2 dollar per person, uten ein gong aa maatte prute, fantastisk! Det blei eit lykkelig gjensyn med tuk-tuken. Det er ein spesiell opplevelse, aa komme saa tett innpaa trafikken, vi faar virkelig smakt paa eksosen og opplevd alle luktene og lydane mens vi suser og tutar oss gjennom gatene.
Hotellet er veldig fint, det er nok det minste hotellrommet vi har budd paa til no, men hey! vi har egen data MED internett! (som vi i skrivande stund benytta oss av) Hotellfrukosten er god, dei ansette er hyggelige og viktigst av alt; ingen maur.
I gaar var den store sightseeingdagen. Vi leigde oss ein tuk-tuk-sjaafoer for dagen, som koeyrde oss der vi ville. Foerste stopp var "The Killing Fields". Det var ein sterk, men spennande opplevelse aa faa vandre rundt paa omraadet kor Pol Pot og hans Roede Khmer tok livet av over 20.000 menneske i perioden 1975-1979. Etter omlag 2,5 timar her, bevegde vi oss vidare til Toul Sleng museet, ogsaa kalla S-21, ein tidlegare undomsskule som vart omgjort til fengsel og torturkammer. Her vart dei arresterte tvinga til aa tilstaa forbrytelsar dei ikkje hadde gjort, for deretter aa bli henretta. Det var ein dag med mange inntrykk og foelelsar, saa resten av dagen vart dermed roleg.
Dagen i dag vart dedikert til handling og vandring paa to store marked her i sentrum. Vi har gaatt i timesvis og sett og sett paa alt det rare som dei sel her. Mykje liv, pruting, gode og mindre gode kjoep, og ellers ein spennande og kjekk dag for shoppingglade jenter. (Begrensa plass i ryggsekken = Begrensa shopping. Men moro var det likevel) I kveld skal vi spise middag paa "Friends", ein restaurant som er good-cause-dining, der gatebarn faar mulighet til aa bli opplaerte og jobbe som servitoerar. Spennande!
Den siste heile dagen her, i morgon, skal vi hive oss paa ein yoga-time her, spise indisk mat igjen (Vi frykta at vi ikkje vaaga oss til aa proeve den gode indiske maten naar vi er i India), kanskje sjaa nokre tempel og kanskje ein tur paa nattmarked (Nei, vi blir aldri lei marked)
Ellers er vi i fin form, ved godt mot og med godt humoer! Vi skal nyte dei siste vekene og dagane max, foer vi kjem heim til Norge og JUL!
Haapa alt staar bra til heime og at julestemninga kjem krypande.
- Linn og Ingvild, shopaholics-
- comments
Tanta Ja tida går som ein røyk. Har no holdt på i timevis for å installere nytt virusprogram på maskina, det er ikkje bare bare for ein amatør. Men no er alt i orden go vi kunne sjekke bloggen til eventuyrarane. Det er godt de har vakse frå Asbjørnsen og Moe, for det som de er med på går dei ein høge gang. Ha fortsatt fin reise. Vi gledar oss veldig til de kjem heim. Stor klem frå tanta og onkelen
margrete Ja tiden har jammen gått fort, og du verden så mye dere har opplevd på disse ukene! Koser oss med morgenkaffen og leser blogg og ser på bilder, morsomt å få være med på turen :) God tur videre!
Janne Tenk å få kome til Kambodsja! Det verkar heilt uvirkeleg for oss som høyrde om alt det grusome medan det heldt på, som verst, og visualiseringa av det gjennom fimen The Killing Fields. Så mykje historier dokke får kjennskap til på ein heil anna måte enn gjennom aviser, internett o.l. God tur vidare. Klem frå mamma