Akkurat no sit jentene på flyet Sdney og ein ny verdsdel. Snakka med Mari i går. Dei sit at med mange inntrykk frå Afrika, men noko av det sterkaste er alle kjekke, vennlege folk dei har møtt på turen. I Australia skal dei berre vera ei veke, før turen går vidare til New Zealand, der dei dei blir til 2. Mai med ein avstikkar til Samoa. God reise vidare.
Mari
Hei Bjørg. Kjekt å høyra! Kos dåke me Selefisk :D
2.mars: To innlegg og bilete, hadde verkeleg noko på hjarta idag!
Bjørg
Hei Mari! Kjempekjekt å fylgja med på eventyret dokkans! Litt annleis vinterferie enn den sedate versjonen me har - i desse dagar deltek dei fleste i VM i sofasliting medan nasjonalromantiske bølger går over landet kvar gong Marit Bjørgen eller Petter Northug hankar inn ei medalje! No må dei snart gje seg, ellers blir det så kjedeleg å delta for alle dei andre. Heldigvis for utlendingane fins det ei grein som heiter hopp..... Her i garden blir vel den mest eksotiske vinterferieaktiviteten at Terje har tenkt å setja ut sildagarn i Selsfjorden! : )Men, Mari, av ulike typar risikosport vil eg sei at det er tryggare å eta sushi i innlandet i Afrika enn å bada med kvithai! Alle dei kjekke bileta de har lagt ut kan få kven som helst til å få reisefeber! Kos dokkan vidare!
Klem frå Bjørg ; )
Tante Torunn Og Onkel Sigbjørn
Gratulerer så mykje med dagen Martine! Håper du har fått feira dagen skikkeleg. I morgon er det vinterferie så då reiser me til Gullingen. Har kjøpt nye slalomski i dag, så no er me klar. Skal helsa frå gutane til begge to. Stor klem...
Victoria
Gratulerer så masse med dagen Martine :) Klem frå oss på haugen i Rubben :)
Anne-Marit
GRATULERE MED DAGEN, MARTINE. :) Her feirar me gull-Marit og sølv-Petter. Martin er i Kollen og har stått ringside idag. Har besøket hjå pingvinane svara til forventingane eller er pingvinane også hamna på svartelista? For dei som vil ha litt kjensle med desse pingvinane, er det eit herleg innslag på nrk.no om Den afrikanske pingvinen. Det er fråBoulders beach, Simon town der de har vore? Klem
Mari
Sissel: eg savna alle daake og!! Gler meg te aa komma tebake igjen te sommaren ;-)
Som Martin skriv her saa har me da bra, og ja, alt gaar paa Afrikatid, saa blir kje blogginnlegg idag heller :p Skal treffa folk istaden! Men idag har me bestege Table Mountain, og me undervurderte ikkje turen opp, men undervurderte kraftig turen ner, saa det var ein laaang tur og me trudde faktisk begge at me kom til aa besvima. Men heldigvis fekk me i oss litt drikka og kom oss ned. Fjellnedstiging i 40 grade uten skygge og for lite vatn anbefalas altsaa ikkje. Ellers ein veldig fin tur :-) Snakkes!
Pappa Martin
Har nett snakka lenge med Mari. Alt vel med jentene. Dei hadde spasert rundt i Cape Town i dag. No tilbake på sovesalen på herberget som var fint og reint. Ingen problem med å gå rundt i byen på dagtid, men verre om kvelden. Mari vurderte å booka om til Libya, for ho meinte ho kunne gjort det bra som overgongspresident med demokratisk bakgrunn! Mari trua elles med at ho skulle dukka blant kvithaiar ein av dei første dagane. Eg gler meg møkje!! Dei skulle vera saman med nokre av guidane frå turen den næraste tida. Desse budde i området i og rundt Cape Town. 12. Mars går turen vidare ti neste kontinent, Australia. Bloggen skulle dei oppdatera i morgon eller neste dag (manjanaholdning).
Sissel
Heia Mari ser du kozzzzeeeer deg masse på turen, masse flotte bilder. Me koser oss på jobb, men savner den blia jentå i resepsjonen :)
Masse klemmer i frå meg :) Husk å passe godt på hverandre ;)
Hugo
Flotte bilder! Jeg har storkost meg med å bla igjennom reisen deres så langt. I hvert fall den offisielle delen...Keep it up!
Pappa Martin
Torsdag kl 1700. Har nett hatt ein lengres samtale med Mari, den første etter Snake Park. jentene er no i Livingstone, heilt sør i Zambia. I dag hadde dei så vidt vore inne i Zimbabwe. Neste etappe gjennom Botswana og Sørafrika startar på søndag. Det blir ein ny tur med nye medreisande. Jentene set at at med store inntrykk, gjestfrie smilande folk, men vedlig fattige. Dei bur no på ein camp i telt i Livingstone. I går hoppa Martine i strikk over Zambesi river, eller i alle fall eit juv i nærleiken, sjå you tube "Gorge Swing Victoria Falls". Odny besvimte ei lita stund når ho fekk høyra om "galskapen". Apene er eit problem på campen. dei stel og et alt som er laust. Skulle helsa alle frå dei
Pappa Martin
He på dåke!
I dag 5. Feb. dukka det plutseleg opp eit innlegg fra Mari, skrive for 5 dagar sidan ved Ruaha River. Ser ut at internettet ikkje alltid går så fort i Afrika! Men da var likevel kjekt å lesa. No får de ha god tur gjennom gamle Nord Rodesia!