Profile
Blog
Photos
Videos
Kjersti og Kjersti på eventyr
Etter Vietnam gjekk turen vidare til Laos, eit kjempefin land! Bare seks stk fra gruppa som ogsaa sku reise gjennom laos.
Forste stopp var Lak Xao, ein liten landsby ikkje saa langt fra grensa. ikkje saa mykje aa fortelle herfra! aat middag paa "the only restaurant", ja den heiter faktisk da! nesta dag var maalet Vientiane, hovedstaden i Laos. Paa vegen stoppa me med ei grotte som ei elv renner gjennom. trur den var 7,5 km lang og hogda var opptil 100 m. framkomstmiddelet gjennom grotta var kanoar med ein liten motor paa. utenom hodelyktene var det heilt svart, men merkelig nok var det kjekt aa kjore baat gjennom.
Kom fram til Vientiane utpaa kvelden. Ein liten og koselig by. Kunne godt vaert der litt lengre, fekk ikkje sett saa mykje av byen sio me reiste vidare tidlig neste morgen.
Reiste til Vang Vien. Da me viste om denna plassen fra for var at "tubing" maatte provast! bar til bar runde paa ein badering nedover ei elv. saa heile gruppa fant fram badekle og eingangskamera som taaler vatn, leigde ein badering og tok ein tuk-tuk opp til startpunktet. kjempe kjekt! mange ulike barar paa veg nedover. mest folk paa dei forste. Ein av plassane me stoppa pa hadde mudd-volleyball. artig! ein plass kunne me faa ein gratis joint for kvar andre ol me kjopte. Betingelsen var at det ikkje blei tatt bilder og at ein roykte ferdig for ein for fra baren. ellers var det mange sklier, giant swing og andre aktivitetar!
forste dagen provde me muddvolleyball, og nokon toffa seg til aa prove giant swing, ellers padla me oss roligt nedover elva. Blir tidlig morkt, saa maatte ta ein tuk tuk tilbake til byen! Neste dag starta med mopedtur. reiseledaren hadde sagt fleire ganger at det var paa eige ansvar noko me var klar over. var ein del som aldri hadde kjort moped eller scooter for. Planen var at han bare sku vise oss kor me fekk leige mopedar, vise oss kor me burde kjoyra, sa overlate oss til oss sjolv. me fekk leigt kvar vaares moped. saa sku me sette oss paa mopedane og ei fra gruppa sporr "kossen virker denne tingen". kunne sjaa panikken i ansikte til turledaren, om han var bekymra fra for, blei han ikkje beroliga no!saa han satt bakpaa ein av mopedane heile vegen. men alle klarte seg bra, bare ei som velta 2-3 ganger. overraskande kjekt aa kjoyre rundomkring med moped! me kjoyrte paa ein landeveg og kom til ei grotte og ei elv me kunne bada i. trur grunnen til at me kjorte der var at der var det nesten ikkje trafikk. etterpaa koyrte nokon av oss ein tur paa hovedvegen. etter mopedturen var me og to andre klar for tubing igjen! hadde litt bedre tid enn dagen for. Gjekk ned til forste baren der det var bra med liv, klokka var vel rundt 2 paa dagen. ein fra gruppa tok den storste av giant swing, hadde lyst eg og! saa toffa meg til og gjekk opp taarnet. men klarte ikkje aa slenge meg utfor, heile kroppen skalv naar eg stod der! skuffande! giant swing er ei saann som dei bruker i sirkus til aa turne paa, men her slenger ein seg utfra eit taarn og slepper ein seg nedi elva etterpaa. og vist du vil turne, kan du det! neste bar me stoppa paa hadde ei giant sving som var ein del mindre saa toffa meg te paa nytt og gjekk opp. ikkje saa hogt og ekkelt her. men sku aldri ha slengt meg utfor. Aldri vaert saa sikker paa at no dor eg ellers saa havner eg paa sjukehus med alle bein knekt! satt paa toppen av tornet, holdt i "svinga" og slapp meg utfor. dei forste sekundane gjekk bra, problemet var at eg glapp taket paa svinga og foyk mot land! saag bare at ein stor stein kom naermare og naermare. men paa ein eller annen maate klarte eg aa lande nokon centimeter dra steinen. der var det saapassa mykje vatn at fallet ble godt dempa for ef traff botn. kravla meg opp paa beina og overraska over at eg ikkje hadde vondt nokon plass. Alle paa land var heilt stille til eg tok tomlane opp for aa vise at alt var bra!eit skrubbsaar paa ribbeina og ei lita snusleppe dagen etterpaa var einaste skadene eg paadrog meg! nok action og adrenalin for min del den dagen. resten av tubinga gjekk roligt for seg! men klarte ikkje aa komme oss til slutten denne dagen heller. kunne godt vaert paa denne plassen lengre.
neste dag gjekk turen vidare til Luang Prabang. nok ein liten og koselig by. ettermiddagen ble i brukt til aa gaa rundt i byen og paa nattmarkedet. neste dag var det elefantriding paa programmet. ikkje noko problem aa sitte paa ryggen til aa begynne med, dei hadde festa ein slags benk paa ryggen som me satt i. verre naar dei tok den vekk, ikkje noko aa holde seg i. foltes ut som me sku dette av i oppover og nedoverbakkar. da kjekkasta var aa bade med elefantane. me trudde me sku sitte sitta paa ryggen til elefantane og dei sku sprute litt vatn paa oss. men den elefanten me fekk var nesten ein rodeo-elefant. kasta oss ganske fort av naar me kom uti vatnet. elefanten gjorde det etter oppfordring fra elefantpassaren som storkoste seg med aa sjaa pa at me datt av gang paa gang. resten av dagen gjekk me rundt i eit omraade med fossar og eit bjornereservat. dei to neste dagane blei brukt paa ein baat paa mekong river for aa komme til grensa til thailand. Vil tilbake til laos ein gang!
etter me kom over grensa til thailand tilbrakte me bare nokon faa timar "tiger kingdom"i chiang mai. fekk gaa inn i bura til nokon av tigerane! flotte dyr. etterpaa var det natttog til bangkok. i 5-tida om natta fekk toget motortrobbel. blei staaenda i ro til 8-tida. da kom det eit anna tog forbi som me kunne hoppe over pa. vaert i bankkok nokon dagar no. er nesta ngale naar det foles som me har vaert lenge ein plass naar me har vaert her i 2 1/2 dagar. Syns byen virker mykje roligare no enn det den var forste gangen me var her. trur det er fordi byane i vietnam er enda meir kaotiske! i maaro gaar turen vidare til tanzania! gleder oss!
etter me kom over grensa til thailand tilbrakte me bare nokon faa timar "tiger kingdom"i chiang mai. fekk gaa inn i bura til nokon av tigerane! flotte dyr. etterpaa var det natttog til bangkok. i 5-tida om natta fekk toget motortrobbel. blei staaenda i ro til 8-tida. da kom det eit anna tog forbi som me kunne hoppe over pa. vaert i bankkok nokon dagar no. er nesta ngale naar det foles som me har vaert lenge ein plass naar me har vaert her i 2 1/2 dagar. Syns byen virker mykje roligare no enn det den var forste gangen me var her. trur det er fordi byane i vietnam er enda meir kaotiske! i maaro gaar turen vidare til tanzania! gleder oss!
- comments
kjersti vaagenes nja... kjersti... tror kanskje me fere te kenya i maaraa eg, ikkje tanzania. trotte?!! hehe