Profile
Blog
Photos
Videos
Her kjeme eit altfor seint innlegg fraa den andre jungelturen min, i Cyabeno, nord i Ecuador om lag 15 kilometer fraa grenso te Colombia.
Visste du at da fins over 2000 forskjellige artar av fuglar, fisk, insekt, apekattar osv i Cuyabeno-reservatet? Eller visste du at 70 % av livet i jungelen e nokturnalt? (Sikkert feil stava) Da va berre noko av da eg laerte daa me til doemes va paa ein nattlig observasjon av livet i jungelen.
Saa langt e detta den kjekkaste opplevelsen eg har hatt i Ecuador. Me padla paa Cuabeno-elvo, me svoemte i La Laguna Grande med solnedgongen i bakgrunnen, me vandra i jungelen og saag paa dyr og insekt med soelevatn opp te kneno, me lagde Pan de Yuka (Yuka-broed) i lag med indianarane, me besoekte ein sjaman (heksedoktor), me slappa av i hengekoeyene og paa kveldane - rundt eit bord med stearinlys sat me aa fortalde spoekelseshistoriar og diverse. Eg moette fantastiske menneske paa denna turen, Isabelle fraa Frankrike og Gabriella og Jorge fraa Argentina, og alt i alt hadde eg da heilt fantastisk. Anbefalast! Legg ut litt bilete no, fleire kjeme seinare.
- comments
Aina Da høyres heilt fantastisk ut Karina! Så glad på dine vegne! Og så interressant å treffa folk frå heile verda :-). Nyt da vidare :-). Knuseklem