Profile
Blog
Photos
Videos
Det har vore hektiske veker i det siste - mykje kafébesøk, kinoar og anna kos sammen med dei flotte folka i Trondheim + pakking, rydding og utflytting. Trønderlivet vart til slutt avrunda med eit kjempebra oppstartsseminar i Meråker sammen med resten av studentparlamentet ved HiST. Og om rektor eller frue skulle slumpe innom bloggen må eg igjen seie; tusen takk for haik tilbake til Trondheim! :) Trur ikkje det er mange rektorar på det nivået som er så hyggelege!
Etter ein kort stopp i Nordfjord, med avlessing av stæsj og skikkelig pakking av koffert, sett eg kursen mot Gardermoen om nokon få timar. Det blir overnatting der, og fly i morgon kl 15. Så møter eg dei to andre jentene i London, før vi flyr sammen vidare. Reiseruta er; Oslo - London - Dubai - (Brisbane) - Auckland, og vi landar laurdag ca kl 15 lokal tid. Blir kjekt det her! :) Silje
- comments