Profile
Blog
Photos
Videos
Så var reisa nesten over. Det er utruleg å tenkje på at me har vore på reis i 45 dagar no. Opplevelsane er overveldande og det er vanskeleg å sortere alle inntrykka.
Siste stopp var Island, og det har gitt eit utruleg godt inntrykk. For eit fantastisk flott land. Me leigde oss ein bitteliten bil og køyrde inn til Reykjavik frå Keflavik om natta. Me bur i ei leilegheit midt i handlegata Laugavegur hjå ApartmentK, 100m frå Hallgrimskirkja.
Dagen etter me kom, uten for mange timar på puta, så satte me oss i bilen igjen for å reise på sightseeing. Me køyrde The Golden Circle og fekk sett nasjonalparken Thingvellir, Geysir og Gullfoss. Deretter køyrde me sørover til nokre smålandsbyer, mellom anna Fludir og Selfoss. Dagen gjekk fort, og eg innsåg at me kom til å få for knapp tid på Island. Eg hadde bomma litt på avstandane i dette landet, og trudde at eg kom til å kunne køyre til Skogafoss og Dyrholaey samme dag. Men det gjekk ikkje. Me køyrde kl.10.00 og kom tilbake kl. 21.30.
Den andre dagen så rusla me rundt i sentrum i nokre timar, åt ein bedre lunsj og såg nærmare på kyrkja. Deretter så køyrde me til den Blå Lagunen like ved Grindavik. Me slappa av i timesvis i den Blå Lagunen, og det var utruleg kjekt å få oppleve denne plassen her. Etter 3-4 timar her så satte me oss i bilen og køyrde ned til kysten og fulgte kysten østover. Forbi Strandakirkja, Thorlakshofn og Eyrarbakki. Eg hadde eit lite håp om å nå Skogafoss og Dyrholaey, men måtte igjen sjå slaget tapt når eg kom til Selfoss rundt kl.18.30 og hadde igjen 2.timar til målet. Det får bli neste gong rett og slett. ;)
Me har ikkje heilt klart å venne oss til temperaturen her, og hadde nok litt for lite klede med. Me me har likevel klart oss bra vil eg seie. :)
- comments
Wenche Greitt å la noko stå att til neste gong òg...
Ingunn Det er sant Wenche ;)