Profile
Blog
Photos
Videos
Hei kjære lesere!!
Ette solrike daga i Phuket, skjekka me ut frå Rick N' Roll, og blei henta kl 07.00, av maxitaxi. Sjoføren vår var ein gaalen mann. Ein av dei andre som satt på, va so uheldige et han kom borti ein av høgtalarane i bilen, fordi han trudde da va airkondition. Då klikka da for sjoføren, han begynte å kjefta og smella, og trua me å kappa hendene av stakkaren. Dinna kjeftingo holdt på heilt te me kom te kaien, der båten te Phi Phi venta på oss. Ette halvanna time i båt, der me blei underholdt av livekonsert-dvd med Bob Marley, som e blitt vår favoritt artist dei siste dagane, kom me fram te den flotta øyo. Her fant me oss ein finfin bungalow som skulle bli vår heim dei neste to nettene. Plassen me budde på va rett atteme "the party beach". På kvelden va heila strando dekka av lys frå strandbarane, og musikken kunne høyrast øve heila øyno. Den fyste kvelden pøsa da ner, i tillegg va da torden og lyn. Derfor tok Inga da goda initiativet te å invitera Runa bort på filmkveld! Imens me lot oss underhalda av ein kjekke film, høyrte me ein litt merkelig lyd. Då fekk Runa auga på ei firfisla inne i bungalowen vår. Sio me ikkje e kjempe vant me å ha firfisle i heimen på Bømlo, blei me litt redde. Inga fekk i oppgåva å halda auga me firfislo (sio hu ikkje tørde å gå ut av sengo), og Runa sprong ner te resepsjonisten for å varsla di om intrengeren! Mannen i resepsjonen kunne minimalt engelsk, og derfor måtte Runa ta i bruk mime-ferdigehtane sine. Dei va tydeligvis ikkje så go, for mannen trudde me hadde ein slange på rommet, og blei livredde han og. Men til slutt klarte Runa å mima seg fram te ei firfisla,. Då lo han berre. Men han skulle selvfølgelig hjelpa oss me å få hu ut. Imens hadde Inga klart å kravla seg ut av sengo, for å ta bilde av firfislo. Då stakk dyret for å gøyma seg, og når resepsjonisten steig inn i bungalowen med ein kollega, håv, kost og lykt va da ingen firisla å sjå...
Dagen ette ville me nyta strandlivet. Me låg nåken tima på "The party beach", men sjøen va kje møkje å skryta av. Derfor tok me ein taxi-båt ut te Long Beach, som va møkje finare! Likavel va me kje heilt fornøyde, og bestilte ein Longtail Boat, som skulle ta oss med til øyene rondt om. Daa va ein hærlige tur! Fyste stopp va Maya Beach, som skal vera den finaste strando i området. Me hadde eit lite håp om at me va blandt dei få som besøkte strando, men der tok me feil. Strando va stappa me både båta og folk. Men strando va veldig fin, og da va kjekt å få sjå hu på nært hold :) Ette på fekk me snorkla i da klara vatnet, der da va flotte akvariefiska å sjå! Me kjørte te ein nydelige lagune, og vidare te Monkey Beach. Ditta va ei lito strand med villa apekatta på! Da va veldig spennandes for oss, og Runa va ivrige me kamera. Kanskje litt for ivrig. Hu sto og knipsa, og fekk eit knall motiv, fordi apo såg rett opp på na. I neste augeblikk får Inga auga på Runa springandes me apekattane skrikandes ette seg. Galninga... Hu måtte hoppa sjøs for ikkje å bli apemat... ;)
Dagane på Phi Phi har vore hærlige ! Bortsett fra at me trudde me satt mitt i et bombedrama når me åt lunch ( nåken fyrte ein kinaputt rett utforbi restauranten me satt på! )Folk heiv ner bordo, for å laga dekkningsplass, sånn at fat, glas og ketchupflske knuste! Me satt heilt lamslåtte og viste ikkje ka me skulle gjera. Ekkel opplevelse!
Ao Nang, Krabi, next! See yah there;)
- comments
Inguss Fekk ikkje te å fiksa sånn at da står Thailand i staden for New south wales ;)
Ragna Kjekt å lese! Ser da føre meg og ler her eg sit på den flotta kjøkkenøyo med 8grade ute og snart 20grade inne:) Ser for meg Runa springa me ein apekatt i helane:P
Terese ditta likte eg :D:D:D