Profile
Blog
Photos
Videos
Etter ein 11 timers lang buss/mini van tur var vi endelig framme i Bangkok. Vart kjørt til backpacker distriktet Khaosan road og fant oss eit guesthouse der. Vi merka oss at Thailand er litt dyrare men reinare enn dei andre plassane vi har vore på.
Etter ein dag med avslapping og ein tur på eit av verdens største kjøpesenter, bestemte vi oss for å ta turen på ein skybar. Med tips fra ein travelagent tok vi turen til Baiyoke, den 5 høgaste bygningen i verden! Vi tok heis opp i 83 etasje og gjekk vidare opp ein til for å komme på toppen. Der hadde du panorama utsikt over heile Bangkok. Utrulig kult!
Dagen etter reiste vi på tur til floating marked, tiger templene og brua over Kwai. Første stopp var floating marked. Plassen minner deg litt om Venezia med kanaler der det ligger båter langs med kanalane som selger alt fra frukt til suvenirer.
Neste stopp var tiger templene for å sjå og klappe tigrer. Tiger templene er styrt av munker som eit hellig tempel for ville dyr. Ein frivillig fortalte oss at om ettermiddagen er tigrene slappe av varmen og dei har nettopp fått mat og så var dei i tillegg født og oppvokst i parken. Derfor var det mulig for oss å klappe dei. Ho sa dei ikkje var neddopa så eg velger å stole på det :) Ein bisarr opplevelse når du satt rett bak og tiger og klapper den. Fikk litt sommerfugler i magen der ja men det var absolutt verdt det!
Dei hadde og andre dyr i parken som moskusokser og villsvin som gjekk fritt i parken. Vi fekk tilogmed oppleve fødselen til ein moskus.
Neste stopp var brua over Kwai. Vi hadde vore på tur sia kl 07.00 om morningen så vi var begynt å bli ganske lei. Vi gjekk ein tur på brua, tok eit par bilder og såg oss fornøyd med det. Etter den 12,5 timers lange utflukten fant vi fort puta då vi kom tilbake igjen :)
- comments