Profile
Blog
Photos
Videos
6 netter i New York gjekk fort, det same gjorde pengane. Me kom fram midt på dagen på JFK, men var ikkje på plass på hotellet før over seks om kvelden. Me var overvelda over det fantastisk flotte hotellrommet som låg i 62 etasje på Residence Inn 1717 Broadway. Rommet hadde kjøkken, med alt du måtte trenge. Til og med oppvaskmaskin og isbitemaskin var det der. Utsikten var så flott at me rett og slett følte at me ikkje trengte å gå opp i Empire State Building, så det hoppa me over.
Me hadde gangavstand til både Central Park, Hell's Kitchen og Times Square.
På desse 5 heile dagane i New York så blei det ein del shopping, men og ein del inntak av mat. Eg åt mellom anna den beste desserten eg nokon gong har smakt, og det var på Applebees av alle ting. Desserten hadde navnet Apple Chimi Cheesecake, og var New York style ostekake med karamelliserte epler visst nok surra inn i kveitetortillas, fritert og rulla i kanel og sukker, servert med karamellsaus og Häagen Datz vaniljeis.... mmmm... 880kcal per porsjon. :)
Me tok ferja ut til Liberty Island og såg på friheitsgudinna siste dagen og i tillegg så sykla me to timar i Central Park. Parken var berre så idyllisk, og det var utruleg å tenkje på at du var midt i byen.
Temperaturen i NYC var bedre og det var formen min og.
No er det ombordstiging på flyet til Island. Iceland here we come.
- comments
Wenche Spektakulært!